Tekst: , cir­ka 1760 (Den store hvide Flok vi se);, 1900.

Tone: Norsk folk­e­tone frå cir­ka 1600, ar­rang­ert av Ed­vard Grieg, 1907.


Den store, kvite flokk me sjå Som tusen berg med nysnø på,
Med skog ikring, Av palmesving For Gud, - kvar er dei frå?
Det er den kjempeskare som Ut frå den store trengsla kom,
For dei ved blod Av lammet stod Reintvegne for Guds dom.
Der held dei no ein kyrkjegang Med jubelsong all dagen lang,
Med sæle ordI englekor, Med heilag harpeklang.

Vanvyrde gjekk dei her på jord, Men sjå dei no i vyrdnad stor
For trona stå Med kroner på I høge himmel kor.
Her tidt, når trengsla sårast brann, På deira kinner tårer rann,
Men Gud har deim Straks dei kom heim Avturka med si hand.
No held dei utan brot og brest Hjå Gud ein evig lauvsalsfest,
Og lammet då Ved livsens å Er både vert og gjest.

Til lukke, kjempesamling, då! Ja, tusenfald du lukke få,
For du var her Så tru især Og slapp så vel herfrå!
Du vyrde ikkje verdsens trøyst, Så kvil i Gud frå striden løyst!
Det du har sått Med sukk og gråt, Gjev haust med glederøyst.
Kved opp i høgd, slå palmetakt Og syng med himmelkraft og makt:
Lov vere deg, Lov æveleg - Vår Gud og lammet—sagt!