Tekst: , 1866;, 1951. Tone: , 1869. |
© Trygve Bjerkrheims litteraturfond, Lunde forlag, Sinsenvn. 25, 0572 Oslo, Norway.
Kor sælt det er å syngja
den beste song på jord,
om Jesus og hans æra,
hans kjærleik djup og stor!
Kor sælt det er å syngja
om denne soga sann!
Ho stiller hjartans lengsla
som inkje anna kan.
Kor
Ja, det er hjartetrongen
å syngja Jesussongen,
den gamle, sæle soga,
i æva ljos og lang.
Kor sælt det er å syngja;
meir fager, synest eg,
enn alle gylne draumar
den soga er for meg.
Ho gav meg fred i hjarta,
og ljos på livsens veg.
Og difor må eg syngja
den songen òg for deg.
Kor
Kor sælt det er å syngja;
for dei som høyrde best,
dei lengtar meir å læra
om det som gled oss mest.
Og når i livsens lundar
eg syng den nye song,
det vert den gamle soga
eg elska her ein gong.
Kor
© Trygve Bjerkrheims litteraturfond, Lunde forlag, Sinsenvn. 25, 0572 Oslo, Norway.