Tekst: , 1782; om­sett frå en­gelsk til is­landsk av Frið­rik Frið­rik­son, 1931, og frå is­landsk og en­gelsk til norsk av Tryg­ve A. Bjerkr­heim, 1951.

Tone: Dennis, (1773-1836).


Velsigna band som bind Guds folk i saman her,
i same kjæleik, same sinn som i Guds himmel er.

Vi er av kongeætt, Eit heilagt syskenlag,
Men ser vår høge adel rett Fyrst på den store dag.

Her skil dei store hav Guds folk i ymse land,
Men bundne saman vert vi av Dei sterke Andens band.

Her er ’kje fri og træl, Her er kje arm og rik.
Kvar har den same arvedel og er dei andre lik.

Om nokon av os lid, Så græt vi andre med.
Og vert han atter løyst og fri, Vi oss med honom gled.

Vi kjenner saknad sår Når her vi skiljast må,
Men vonar i Guds rikes vår Kvarandre atter sjå.